- Må rekne med forseinkingar

Mykje kø på Molde fergekai – D-ruta tilbake i drift

I dag har D-fergeruta mellom Molde og Vestnes vore innstilt. No kastar Preikestolen loss att etter å ha stått stille ved hurtigrutekaia medan dei hadde tekniske problem med kjølevatnsystemet.

Var innstilt: MF Preikestolen låg ved land i dag på grunn av tekniske problem. Situasjonen er no løyst, og ferga er tilbake i normal drift frå 13:10  Foto: Martin Herje

Nyheter

Onsdag formiddag har rute D mellom Molde og Vestnes, som køyrast av ferga MF Preikestolen vore innstilt på grunn av ei teknisk utfordring med kjølevatnsystemet. Dette har ført til mykje kø på Molde fergekai.