E. coli funne i Torvik Vassverk – kok vatnet

Nyheter

Torsdag føremiddag er det funne ein førekomst av e. coli-bakterien i høgdetanken til Torvik Vassverk i Gjemnes. Dette råkar deira kundar i Torvikbuktområdet, og koking av drikkevatnet er anbefalt.

Berre ein liten førekomst

Karstein Yttervik frå Torvik Vassverk kan informere om at det berre er funne ei lita mengde e. coli i vasstanken – den minste målbare mengda. Det er ikkje påvist e. coli i røyra ut av tanken.

Han mistenker at årsaka til funnet kan vere ein feil når målinga vart tatt, sidan det burde ha vore spor i røyra dersom det var e. coli i tanken.

Kok vatnet

Vassverket ventar på vidare prøvesvar, og oppmodar deira kundar i Torvikbuktområdet til å koke vatnet fram til det kjem ny beskjed.