– Gøy med JoinUs på Gossen

– Min favoritt var fotball i går, og så gler eg meg til fisketur i morgon. Ole Småge (13) er ein av 42 unge gossingar som deltek på kick-off for stiftelsen JoinUs si aktivitetsveke på Gossen.

– Eit opplegg for framtida! Meinte ordførar og denne dagen bestefar Odd Jørgen Nilssen, som onsdag blei med JoinUs-gjengen på tur over Jermannburet. Arrangørane (framme frå v.) Marcus Andreasson, Knut Olav Rindarøy og Asbjørn Eggebø Næss hadde med seg Mahmod El-Zabadani (midten bak) og Fahti Øzturk frå Flyktningetenesta i Molde som ekstra støtte.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

Vi høyrde dei før vi såg dei – latter og rop, lyden av fornøgde barn og unge. Nokre sette ut crocket-bane, andre slang seg i graset og skravla med sidemann, atter andre venta på drikke og nokre rusla i strandkanten.