Testa 500 Vard-arbeidarar – så mange var smitta

Berre ein av dei 500 prøvene viste seg å innehalde virus, og den smitta sat allereie i karantene.
Nyheter

Det er Vestnes kommune som melder dette seint fredag kveld.

I samband med smittesituasjonen i Vestnes vart det bestemt at alle arbeidarar ved Vard Langsten som hadde vore på jobb på verftet frå onsdag 5. mai og seinere, skulle gjennomføre eit to-trinns testprogram i kombinasjon med karantene.

Ca 500 personar vart testa, og Vestnes kommune hadde fredag kveld fått svar på alle prøvene. Kun ein person har fått påvist covid-19, skriv dei i meldinga.

De opplyser at arbeidaren allereie var i skjerpa karantene fordi vedkomande var definert som sikker nærkontakt til eit kjent smittetilfelle. Mannen er no i isolasjon på Trohaugen.

Ein del av arbeidarane ved Vard Langstein er no ute av karantene og har gjennomført to-trinns testprogram sidan siste arbeidsdag ved verftet.

Dei øvrige arbeidarane blir testa tysdag 18. mai, melder kommunen.