Legionella-utbrot ved Kristiansund sjukehus – kan ikkje dusje

Fleire avdelingar er berørt av utbrotet.

INGEN DUSJ OG TANNPUSS: Mellom tiltaka ved Kristiansund sykehus er at ingen skal drikke eller pusse tenna med vann frå springen, eller dusje.   Foto: MARIT HEIENE

Nyheter

For ei veke sidan blei det bekrefta oppvekst av bakterien legionella i 3 av 12 vannprøver ved Kristiansund sjukehus. Alle kom frå sjukehuset si vestfløy. I dag fredag er det avdekka at fleire avdelingar ved sjukehuset har positive legionella prøver. Det skriv helseføretaket i ei pressemelding fredag ettermiddag.

– Vi har sett i verk tiltak for heile sjukehuset slik at tilsette og pasientar ikkje blir utsette for bakterien, seier assisterande klinikksjef Carina Vollan Myhre ved SNR Kristiansund.

Alle dusjhovud blir bytta ut

Myhre fortel vidare at utfordringa er spesielt knytta til dusjing, og difor blir no blant anna alle dusjhovud bytta ut.

I samråd med Folkehelseinstituttet sett sjukehuset i gang følgjande tiltak ved heile sjukehuset:

  • Ingen skal drikke vann som kjem frå springen, og det blir difor utsett flaskevann for pasientar og tilsette.
  • Ingen tannpuss i vann frå springvann.
  • Ingen skal nytte dusj. Toalett og handvask kan brukast som normalt.
  • Handvask i springvann er ufarleg.
  • Kroppsvask av pasientar med vann frå springen er ufarleg.
  • Reingjering av rom med springvann er ufarleg.

– Vi har ingen indikasjonar på at pasientar har blitt sjuk av bakterien, og tiltaka som er iverksett vil ikkje ha konsekvensar for drifta av sjukehuset, opplyser Myhre.

Endeleg rapport kjem over helga, og då vil ein konkludere på kva for nokre ytterlegare tiltak som skal iverksettast for å fjerne bakterien, står det i pressemeldinga.