Tre nye positive i Vestnes

Tre i innreisekarantene testa positivt
Nyheter

Vestnes kommune fekk fredag melding om at tre personar er smitta av covid-19. Dette gjeld tre arbeidarar som allereie er i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

Dei tre har vore i karantene på Trohaugen etter eit utanlandsopphald, har no flytta over i dedikerte isolasjonsbrakker og blir følgd opp av VARD sitt helseteam, skriv kommunen på sine heimesider.

To er busett i Vestnes kommune og ein i Ålesund kommune.

Arbeidarane kom tilbake til Noreg i same reisefølge, der alle har vore i karantene sidan ankomst.

De tre som er smitta har dokumentasjon på negativ test før avreise til Noreg, samt negativ test ved ankomst.

Dei vart i tillegg rutinemessig testa igjen ved dag 7, og desse testane viste no positive testresultat.

Dei tre har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.

Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølge er i karantene og vil bli retesta. Smittesporing er gjennomført, skriv kommunen.