Ålesund: Tre nye smittetilfelle måndag

Måndag kveld fekk Ålesund kommune stadfesta tre nye tilfelle av covid-19.
Nyheter

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle relatert til utbrotet ved Blindheim ungdomsskole. Vedkomande var allereie i karantene og familien i ventekarantene. Det er til no påvist smitte ho tre elevar ved Blindheim ungdomsskole. To personar i familie, som allereie var i karantene, har fått påvist koronavirus Det er ingen nye nærkontaktar, opplyser Ålesund kommune.

Tidlegare måndag meldte kommunen om tre nye smittetilfelle etter prøver tatt søndag.

– Det muterte viruset spreier seg lett, og det er vanskeleg å unngå at fleire i ein familie får overført smitte, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Testrekord

Ålesund kommune fekk meldt svært mange smittetilfelle fredag 26. mars. Dette, saman med utbrot i nabokommunane Fjord og Giske, gav grunn til bekymring, heiter det i pressemeldinga. Teststasjonen har sett rekord og har testa over 3.000 personar på ei veke.

– Det som uroar, er at vi oppdagar ein del smittetilfelle utan kjent smittekjelde og at smittetilfella dukkar opp her og der. Det er svært viktig at alle som har symptom, også vage symptom, held seg heime og ber om ein test, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Ber folk halde seg i ro i påska

Smittesituasjonen gjer at Ålesund kommune oppmodar alle innbyggarar om å avgrense reiseaktivitet

– Når det no er påske, bør ein nytte høve til å vere mest mogleg i ro og bruke naturen til trening og rekreasjon. Ha berre to gjestar heime. Er du einsleg, hald kontakt med eit par nære vener. Gjer nødvendige innkjøp lokalt. Dersom du må oppsøke til dømes kjøpesenter på grunn av nødvendige ærend, tilrår vi at du planlegg innkjøpa godt, held avstand og brukar munnbind, seier kommuneoverlege Olav Mestad.