21 smittetilfelle på 3 dagar

Sju nye tilfelle av koronavirus i Ålesund

Eit klassetrinn på ein skole er satt i karantene.
Nyheter

Fredag kveld hadde Ålesund kommune fått meldt sju nye tilfelle av koronavirus. Alle er kjente nærkontaktar til tidligare meldte smitta, skriv kommunen i ei pressemelding.

Arbeidet med å smitteoppspore dei nye nærkontaktane for desse tilfella er i gong.

3. klassetrinnet på Aspøy barneskole er satt i karantene og får tilbod om testing.

Det var seint fredag kveld at kommunen fekk melding om det sjuande tilfellet. Dei næraste nærkontaktane er sett i karantene, og smitteoppsporinga vil fortsette laurdag, skriv kommunen.

Oppmodar om å teste seg

Kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg minner om at teststasjonen på Åse har oppbemanna kapasitet frå laurdag. Ale som kjenner symptom blir oppmoda om å bestille time for testing på nettsida alesund.kommune.no/korona.

Kommune har no meldt om til saman 21 smittetilfelle dei på dagar:

– Dei aukande tala på nye smittetilfelle er veldig urovekkjande, seier kommuneoverlege Vegsundvåg.