Frank Sve meier Erna Solberg farer med tøv om Møreaksen

– Kven har råd å betale 500 kroner i bompengar mellom Molde og Ålesund kvar dag?

– Spør kven du vil om dei vil betale 500 kroner i bompengar kvar dag for å køyre frå Molde til Ålesund. Å snakke om å bygge bu- og arbeidsmarknad, er tøv når regjeringa legg opp til eit bompenge-bonanza utan sidestykke, seier Frp-politikar Frank Sve.

UT MOT ERNA: – Regjeringa legg opp til eit bompenge-bonanza utan sidestykke, seier Frp-politikar Frank Sve.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

MOLDE: Stortingskandidat for Fremskrittspartiet, Frank Sve, slaktar regjeringa sin Nasjonal Transportplan. Hovedgrunnen er at fleire av vegprosjekta skal delbetalast med bompengar.

– Denne Nasjonal Transportplan legg opp til det argaste bompenge-bonanza eg nokon gong har sett. Her skal innbyggarane og næringslivet i Møre og Romsdal betale mellom 60 og 70 prosent av kva det kostar å bygge vegar. Regjeringa planlegg vegprosjekt, men sender rekninga til innbyggarane i form av bompengar. Eg fattar ikkje at regjeringa kan gå oppreist og sjå folk i augnene med denne planen, seier Frank Sve.

– Er du imot vegprosjekta eller mot bompengane?

– Eg høyrer at statsminister Erna Solberg snakker om å bygge saman ein større bu- og arbeidsmarknad mellom Molde og Ålesund. Kven har råd til å betale mellom 500 og 1.000 kroner i bompengar for å bu i Molde og arbeide i Ålesund, eller vice versa? Ønskjer regjeringa å øydelegge for folk? Å bruke bu- og arbeidsmarknadsregionen som argument for å bygge Møreaksen, er tøv frå Erna Solberg si side. Og kva slags næringsliv har råd til å betale så høge bompengar som regjeringa legg opp til? seier Sve.

Han nemner fleire vegprosjekt der bilistane skal betale bompengar: Bypakken i Ålesund skal finansierast med 1,6 milliardar kroner i bompengar. Volda-tunnelen skal betalast med 60-70 prosent bompengar. Møreaksen på E39 Ålesund-Molde skal betalast med 2,5 milliardar bompengar. Bytunnelen gjennom Molde skal finansierast med bompengar. E39 frå Lønset til Hjelset skal betalast med størstedelen bompengar.

– Det kostar tusen kroner i bompenger å køyre frå Ålesund til Oslo. Slikt går ikkje an, seier Frank Sve.

– Kva for løysing ser du for å få bygd vegane?

– Staten må inn med meir pengar. Vi har klart å gjere Møre og Romsdal fritt for bompengar. Sånn må det framleis vere. Det er muleg koronapandemien har skapt situasjonen Norge har kome i, men trafikantane i Møre og Romsdal kan ikkje ta rekninga. Innbyggarane skal få god tid til å sjå konsekvensane av regjeringa sin Nasjonal Transportplan før valget i haust, seier Frank Sve.