Politikarane ueinige om kva reduserte ferjeprisar får å seie for fjordkryssingsprosjekta i nordvest:

- Løpet kan vere køyrt for Møreaksen

Mykje tyder på at ferjeprisane om ikkje anna blir sterkt reduserte dei neste åra. Men kva vil det ha å seie for dei store fjordkryssingsprosjekta?

Mot Møreaksen: At Frp-fylkesleiar Frank Sve (her fotografert saman med Sylvi Listhaug) ikkje er spesielt begeistra for Møreaksen, er neppe noko nytt. No trur han billegare eller gratis ferjer kan vere kroken på døra for Møreaksen, sidan han trur folk vil velje gratis eller billeg ferje framfor å bruke mange hundre kroner på å køyre undersjøisk.   Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

Nyheter

(Sunnmørsposten:) – Vi skal hugse at ferjer framleis står sterkt. Og kven vil betale 400–500 kroner for å ta Møreaksen, når ein kan ta ei gratis eller svært billeg ferje mellom Vestnes og Molde som går kvart tjuande minutt, spør Frp sin fylkesleiar Frank Sve retorisk.