Var redd det var slutten for butikken. No går det for fullt, og dei er klare for årets travlaste dag

Nedstenginga av Norge i mars gjorde at Astrid Dale Sæther frykta for eksistensen til blomsterbutikken sin på Falkhytta. – Eg var redd det var slutten ei stund, innrømmer ho.

Såg for seg slutten: – Eg var redd ei stund og såg for meg slutten på heile Aukra Blomster, innrømmer eigar av Aukra Blomster/gartneri, Astrid Dale Sæther. Ting var uoversikteleg – det var vanskeleg å vite kor lenge dette ville vare og vi måtte først permittere ein av dei tilsette. Det varte heldigvis ikkje meir enn ein månad, så snudde det fullstendig, fortel ho.   Foto: Gunn E Aarønes

Nyheter

Aukra: Den brå nedstenginga av landet i mars grunna koronapandemien satte ein støkk i mange næringsdrivande rundt omkring i landet. Astrid Dale Sæther ved Aukra Blomster/gartneri var redd det skulle bli slutten på den blomstrande forretninga på Aukrasenteret på Gossen: