Eit nytt smittetilfelle i Vestnes

Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19.
Nyheter

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at ein person i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld ein arbeidar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

– Ein person som rutinemessig har blitt testa hos VARD, har fått påvist Covid-19. Smittesporing er gjennomført og personen har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen. Personen har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg, skriv Vestnes kommune på sine heimesider.