Kva har Jenny Klinge og Albert Einstein til felles?

Grenseløst distré

Då Jenny Klinge skulle heim frå Stortinget for helga, tok ho flyet til Værnes. «Klinge skal hente Subaru Forester», sa ho til parkeringsmannen. Men ingen bil på parkeringa. Bilen sto i Molde.

Litt surrete? Hugs å snu deg og sjå om du har gløymd noko, er tipset Jenny Klinge har til andre som er distré eller berre litt surrete.   Foto: Ragne B. Lysaker

Nyheter

– Ein robot kan ikkje vere distré. Vi er alle typer folk som er distré, eller berre litt surrete. Eg er ei av dei, ler Jenny Klinge. 45-åringen er for mange er kjent som justispolitikar på Stortinget, med høgare turtall på orda enn dei fleste.