Seks verftsarbeidarar har testa positivt

Vard melder at seks arbeidarar i innreisekarantene har testa positivt på covid-19.

Karantenerigg: Vards brakkerigg på Trohaugen i Tomrefjord blir i dag brukt som karantenerigg. Vard har mange tilreisande arbeidarar som blir innlosjert i her.  Foto: OLAV SKJEGSTAD

Nyheter

Fire av arbeidarane som testa positivt var i karantene på Trohaugen i Tomrefjord og to i Brattvåg, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding onsdag kveld.


Arbeidsinnvandrere hos Vard må ta fire koronatester og ti dager i karantene før de får jobbe

– Vi forstår at folk er bekymret, men når de får vite hva vi faktisk gjør, er tilbakemeldingene gode.


Arbeidarane har vore i karantene sidan ankomst til Noreg, og er overført til isolasjonsbrakker på Trohaugen, heiter det vidare.

– Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg. I samsvar med Vard sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet også testa av verksemda sitt helseteam etter ankomst og ny test før karanteneopphaldet bli avslutta.

– Smittesporing er gjennomført. To av personane ankom i eit større reisefølge, og denne gruppa vil bli spesielt følgd opp av Vard sitt helseteam. Det er totalt 45 nærkontaktar som har vore i reisefølge med dei seks arbeidarane. Alle nærkontaktar har vore i karantene sidan ankomst, og vil bli testa på nytt fredag.

Tar ekstra testar

Vard skriv i ei pressemelding at dei nye smittefilfella vart påvist tirsdag kveld.

– Alle tilreisande arbeidarar blir testa rutinemessig ved ankomst til Vard, i tillegg til myndigheitspålagde testar før avreise frå heimlandet og ved ankomst til Noreg.


Skryter av bedriftene i Vestnes: – De har til og med vært strengere enn myndighetene

Kommuneoverlegen mener Vard, Aas Mek. og småleverandører som har mange utenlandske arbeidere har håndtert koronasituasjonen veldig bra.


– Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg. I samsvar med Vard sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet også testa av verksemda sitt helseteam etter ankomst og ny test før karanteneopphaldet blir avslutta. Dette er tilleggstestar Vard tar på eige initiativ for å kunne oppdage om nokon kan ha blitt smitta etter at test er tatt i heimlandet, eller om ein har vore utsett for smitte under reisa til Noreg, skriv Vard.

Etter ferieavvikling i jule- og nyttårsveka ventar Vard eit stort antall tilreisande arbeidarar som kjem tilbake i januar.

– Alle skal følge dei nye krava frå myndigheitene om innreiseregistrering, testplikt og karantene. I tillegg vil Vard fortsette med omfattande testing og karantenepraksis, med tett oppfølging av eit dedikert helseteam. Basert på tidlegare erfaringar frå hausten 2020 er verksemda førebudd på at det ei periode framover kan komme personar som testar positivt på covid-19 trass i testing i heimlandet, og har utvida støtteapparat og kapasitet på sine karantene- og isolasjonsriggar for å handtere dette, skriv Vard.

– Sikre lokale arbeidsplassar

Ordførar Geir Inge Lien i Vestnes er trygg på det smitteførebyggande programmet som Vard har utarbeidd i samarbeid med kommunen.

– Gjennom dette opplegget har ein oppdaga og isolert tilreisande som har testa positivt på eit tidleg tidspunkt, og det har ikkje vore smitte i lokalsamfunnet som følje av arbeidarar som har kome frå utlandet til Vard. Vi har eit felles mål om å beskytte kommunen sine innbyggarar for smitte, samtidig som vi i fellesskap vil legge til rette for at industrien i kommunen kan halde aktiviteten i gang for å sikre lokale arbeidsplassar, og eg er takknemleg for det nære og løsningsorienterte samarbeidet vi har i Vestnes, seier Lien i pressemeldinga.