Slik skårer lokale kommunar rangert etter kor godt dei tar vare på naturen:

Vestnes i «jumbo-klassen» – lover rask klatring på lista

Berre fem kommunar i landet skårer dårlegare enn Vestnes på naturmangfald-rangeringa. Ordføraren lover å ta tak.

VESTNES: Kommunen er mellom dei som får lågast poengsum i rangeringa Naturkampen. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Per Tormod Nilsen / F. Aamlid

Nyheter

– Norsk natur forsvinn bit for bit, utan at nokon har oversikt. Vi har derfor samla tilgjengelege naturdata frå kommunane, og rangert dei etter ti val dei har gjort som påverkar naturmangfaldet. Slik presenterer Sabima «Naturkampen», ei rangering av dei 356 kommunane i landet ut frå tema som påverkar naturen.