Ny smitte i Vestnes

Ny utanlandsk arbeidar har testa positivt. Testsvar for 16 nærkontaktar frå smittetilfelle tidlegare i veka er no klare.
Nyheter

Vestnes kommune melder laurdag ettermiddag at det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein utanlandsk arbeider frå ein underleverandør i VARD som ankom brakkeriggen på Trohaugen 8. november.

– Første test blei tatt ved ankomst og viste negativt resultat. Ved rutinemessig test nr. 2 fekk han påvist covid-19. Personen har ikkje symptom. Han har vore i karantene sidan ankomst, og er no sett i isolasjon. Nærkontakt sit allereie i karantene. Begge skal retestast.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing, heiter det i meldinga frå kommunen.

Det vert også vist til at frå denne veka blir alle arbeidarar som skal til VARD frå utlandet testa før avreise frå heimlandet og må framvise negativ covid-19 resultat før innreise til Noreg. Gjestearbeidarane sit i 10-dagars karantene ved Trohaugen og blir retesta av VARD i karanteneperioda.

16 nærkontaktar ikkje smitta, men er framleis i karantene

Vestnes kommune opplyser laurdag ettermiddag også dette om oppfølging etter meldinga om koronasmitte torsdag:


– Det er ikkje påvist fleire smitta ved Vard Langsten. Resultatet frå testing av dei 16 nærkontaktane er no klart og det er ikkje påvist smitte hos nokon av dei. Alle er fortsatt i karantene og vil bli retesta neste veke, skriv kommunen.