Varslar mykje vind på halloween

Det går mot ei vindfull halloween-feiring i Møre og Romsdal.

HALLO-VIND: Kartet viser prognosen for vindkast laurdag kveld. Mørkast farge gir kraftigast vind.   Foto: Meteorologisk institutt

Nyheter

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om kraftige vindkast i helga: – Frå laurdag kveld til søndag ettermiddag ventast sør og søraust sterk kuling utsette stader, og lokalt kraftige vindkast på 27–33 meter i sekundet.