Seks nye smitta i Ålesund – 40 er nærkontakter

Smitta kan sporast til Oslo, Volda og Bergen.
Nyheter

Ålesund kommune fekk seint onsdag kveld melding om at fem nye personar er smitta med koronaviruset. Torsdag morgon 29. oktober fekk kommunen melding om at ein til har fått påvist koronavirus. Det skriv Ålesund kommune i ei pressemelding torsdag formiddag.

Smitte kan sporast til Oslo

Tre av dei smitta er nærkontaktar til ein person som fekk påvist smitte dagen før. Alle fire arbeider i bygg og anleggsbransjen og er del av eit slutta arbeidslag.

Alle i arbeidslaget og andre nærkontaktar er sett i karantene. Alle dei fire har symptom på koronavirus. Smitta kan sporast til reise i Oslo-området, skriv kommunen.

Smitte kan sporast til Bergen

Ein person har fått påvist smitte etter at han var definert som nærkontakt i samband med det utbrotet i Volda denne veka. Vedkommande er i isolasjon og smittekartlegging pågår vidare.

Ein elev ved Fagerlia vidaregående skule har fått påvist smitte med koronavirus. Vedkomande har lette symptom.

Smitta kan sporast til innanlands reise til Bergensområdet.

Ein klasse ved Fagerlia videregåande skole er sett i karantene, det same gjeld deltakarar ved ei volleyballtrening, husstandsmedlemmar og andre nærkontaktar.

Til saman er her definert over 40 nærkontaktar. Alle nærkontaktar får tilbod om testing ved Ålesund kommune sin teststasjon på Åse.

Torsdag morgon 29. oktober fekk Ålesund kommune melding om at ein person til har fått påvist koronavirus. Han er nærkontakt og relatert til arbeidslaget i bygg og anleggsbransjen, som nevnt på kulepunkt 1.