Brønnbåten «Ro Vision» er årets skip

For første gong er eit laksefartøy kåra til Ship of the Year. Brønnbåten «Ro Vision» kan smykke seg med den prestisjetunge tittelen.

Prisutdelinga: Prisen blei delt ut i Bergen onsdag. Frå venstre ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen, Jarle Gunnarstein (frå verftet), fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen, Odd Einar Sandøy (Rostein) Per Jørgen Silden (Skipskompetanse).   Foto: SKIPSREVYEN

Nyheter

(Smp:) Det er Rostein-reiarlaget på Harøya som eig båten, som er designa av Skipskompetanse AS i Måløy og bygd ved Larsnes Mek. Verksted. Båten blei levert frå verftet på Larsnes i vinter.