Vestnes gjer seg klar til å ta mot den 156 år gamle galeasen «Søblomsten»

I 1864 vart galeasen «Søblomsten» overlevert frå båtbyggar Lars Hammeraas på Vestnes. Til hausten er båten tilbake i Vestnes, der den skal bli attraksjon i det nye båtbyggarmuseet.

SLIK VAR DEN: «Søblomsten» for fulle segl for over 100 år sidan. 

Nyheter

«Søblomsten» står i dag i Rørvik, der den har vore under restaurering i fleire år. Mykje er gjort, men det står framleis igjen eit omfattande arbeid. Restaureringsarbeidet i Rørvik stoppa opp for mange år sidan. No overtar Båtbyggarmuseet i Vestnes båten for å fullføre restaureringa.