Klart for utsprenging av Hjertøysundet

Det skal bli tryggare å ferdast gjennom Hjertøysundet - Kystverket snart i gang med arbeidet for å gjere sundet breiare og djupare.

Trangt: Leia gjennom Hjertøysundet skal i haust utvidast frå 30 til 50 meters breidd, og til 6 meters djupn. Dermed kan også større ferjer enn MF Ørsta (på bildet, tatt tidlegare) gå gjennom sundet. Ruta Sekken - Molde blir i dag utført av MF Vågsøy som er for stor til å gå gjennom Hjertøysundet, og må gå rundt Hjertøytangen. Turen tar dermed ca 53 minutt.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

Molde kommune opplyser at Kystverket 10. august 2020 startar arbeidet med utsprenging. Arbeidet vil pågå fram til nyttår.