Stig O. Jacobsen i Giftfritt Molde

Skuffa over vedtak – held fram deponikampen

Stig O. Jacobsen i Giftfritt Molde klandrar Høgre for avgjerda om reguleringplanen for Raudsand.

Stig O. Jacobsen. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

– Det var dette vi hadde frykta, det er trist og skuffande. Slik kommenterer Stig O. Jacobsen i Giftfritt Molde dagen derpå avgjerda frå kommunaldepartementet om godkjenning av reguleringsplanen for Raudsand. Planen opnar som kjent for etablering av deponi for farleg uorganisk avfall, slik tiltakshavar Bergmesteren, Stena og Veidekke planlegg.