Avtale sikrar IKT-leveransar til nysjukehuset for 300 millionar

– Vi har vurdert at Hemit er den best egna IT-organisasjonen i Norge for oppdraget, seier HMR-sjef Øyvind Bakke.

Adm. dir. i Hemit, Paul Gundersen (t.h.) og adm. dir. i Helse Møre og Romsdal HMR, Øyvind Bakke har underskrive kontrakt om at Helse Midt-Norge IT (Hemit) blir hovudleverandør av IKT til SNR med ansvar for 70 IKT-leveransar til akuttsjukehuset på Hjelset og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund.  Foto: HMR

Nyheter

Helse Midt-Norge IT (Hemit) blir hovudleverandør av IKT til SNR med ansvar for 70 IKT-leveransar til akuttsjukehuset på Hjelset og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding onsdag formiddag.


Storkontrakt om nysjukehuset – tre lokale firma får oppdrag for flere hundre millioner

– Dette betyr veldig mye for oss, sier daglig leder Rune Midhaug i Bratseth AS. De er ett av tre lokale firma som nå sikres aktivitet i flere år.


- For føretaket har det vore viktig å velje ein leverandør som kan sørgje for ein trygg og god gjennomføring av IKT-leveransane i prosjektet. Vi har vurdert at Hemit er den best egna IT-organisasjonen i Norge for dette oppdraget, seier Øyvind Bakke, adm. dir. i Helse Møre og Romsdal i meldinga.

«I utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal blir det framheva at SNR skal vere heilt framme i teknologisk utvikling, og vere eit flaggskip for resten av føretaket,» skriv helseføretaket.

- Med Hemit på laget vil vi sikre at også dei andre sjukehusa og institusjonane i føretaket vil nyte godt av avtalen. Mellom anna gjennom ulike digitaliseringsprosjekt og innføringa av Helseplattformen der Hemit har sentrale roller, seier Bakke.

Ikkje ute på anbud

På spørsmål til infoavdelinga i helseføretaket om IKT-leveransane til SNR har vore ute på anbud, er svaret at «Forskrift om offentlig anskaffelse» gir mulegheit til å skaffe leveransar direkte med Hemit. Det skal vere i pakt med kapittel 3 i forskrifta, «Samarbeid i offentlig sektor og utvidet egenregi».

Det betyr at Helse Midt-Norge IT (Hemit) skal nyttast som hovudleverandør for IKT i SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal).

Hemit er helseregion Midt Norge sin hovudleverandør av IKT, og har eit totalansvar for IKT i spesialisthelsetenestene i regionen.

Budsjett på 300 millionar

IKT-avtalen med Hemit er den nest største entreprisen i SNR-prosjektet med eit budsjett på over 300 mill. kroner.

I avtalen ligg leveransar av alt frå byggnær ikt, grensesnitt og integrasjonar, telefoniløysingar, utstyr som pc-ar og nettbrett til digitale samhandlingsløysingar som sensorteknologi, informasjonstavler og sjølvinnsjekk-løysingar

Kompetent leverandør

Hemit er Helse Midt-Norge sin hovudleverandør av IKT og har eit totalansvar for IKT innan spesialisthelsetenesta i regionen.

Hemit har delteke i planlegginga av SNR frå konseptfasen og har bygd kompetanse og erfaring i eigen organisasjon som blir verdifull i realiseringa av prosjektet, skriv føretaket.

- Eg er stolt over at Hemit har blitt valt som hovudleverandør av IKT da dette er eit stort og viktig prosjekt som vil ha høg prioritet for oss i tida som kjem. Vi ser fram til å jobbe saman med Helse Møre og Romsdal og andre samarbeidspartnarar for å realisere SNR, seier adm. dir. i Hemit, Paul Gundersen.