Flott flygel til Vestnes kyrkje

Etter å ha samla inn 650 000 kroner var finansieringa av det nye Steinway-flygelet til Vestnes kyrkje på plass. Onsdag kom det til Vestnes. – Eit fantastisk instrument, smiler organist Jostein Maude.

GODLYD: Organist Jostein Maude prøver det nye Steinway-flygelet i Vestnes kyrkje. Håvard Skrede, Ansgar Misund og Arild Hustad frå soknerådet lyttar til dei første tonane frå flygelet.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Flygelet er ein Steinway B 211 frå 1990. Det har tidlegare vore brukt ved musikkonservatoriet i Kristiansand. Deretter vart det frakta tilbake til fabrikken i Hamburg og totalrenovert før det kom til Vestnes. Det er dermed heilt som nytt, både når det gjeld klang og i det ytre.