Nybonia Hav i Midsund:

Har kjøpt ny fiskebåt og nye kvotar

Nybonia Hav i Midsund har kjøpt ny kystfiskebåt, og også selskap med kvotar. Laurdag blir det feiring med Open båt på kaia.

KJØPTE BÅT: Fv. Markus Nygård, Øyvind Overå (maskinsjef) og Kjartan Andrè Nygård.  Foto: Bjørnar Sævik, Vestlandsnytt

Nyheter

– Vi har allereie vore ute på tokt med båten, den fungerer utruleg bra, fortel Markus Nygård i Nybonia Hav i Midsund. Han og båten er no tilbake etter første tur etter makrell ved Shetland, og sild ved Kvænangen med reiarlagets siste båt.