Folkemøte om kommuneplan for nye Molde - mange utfordringar ventar den nye kommunen

– Må bli attraktiv og eldrevennleg

Aldrande befolkning, sentralisering og rekruttering av fagfolk. Dette er mellom utfordringane nye Molde må handtere.

MÅ PLANLEGGE: – Framskriving av folketal viser tydeleg at nye Molde må tilrettelegge for eit eldrevennleg samfunn, seier fungerande fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.   Foto: BJØRN BRUNVOLL

Nyheter

MOLDE: – Mellom dei store utfordringane for nye Molde og mange andre kommunar, vert å tiltrekke seg kompetanse og skaffe nok arbeidskraft til å løyse oppgåvene ein står framfor. Det seier Ingunn Bekken Sjåholm, fungerande fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.