LESERINNLEGG:

Underleg frå Senterpartiet?

Kristin Sørheim (Sp)  

Nyheter

Allereie i 2015 og 2016 var underteikna med og foreslo at vi skulle arbeide for eit sett aktuelle statlege arbeidsplassar til fylket, slik som deler av Utdanningsdirektoratet til Molde, Statens naturskadefond til Volda, Nasjonalt ferjekontor til Kristiansund m.m. Senterpartiet i fylket har også stått fast ved at SNR må byggjast på Hjelset, med det innhaldet som var føresett.

Køyrereglane i Møre og Romsdal fylkeskommune vart formulert slik når det gjeld kampen om statlege arbeidsplassar:

A. I dette arbeidet legg ein til grunn at Møre og Romsdal har fire regionale arbeidsmarknader/ pendlingsregionar, og at i dei fleste tilfelle er det regionsenteret som er mest aktuell for lokalisering av statlege arbeidsplassar

B. Alle dei fire regionane i fylket treng tilførsel av statlege arbeidsplassar for å kome på «landsnivå», men behovet er aller størst i Kristiansundregionen og Eiksundregionen

C. Alle relevante partar må delta i eit «skippertak» for å kompensere Kristiansundregionen for tapet av fleire hundre statlege arbeidsplassar som følgje av nedlegging av sjukehuset i Kristiansund våren 2022

D. I kampen om lokaliseringar der det normalt berre er landsdelssentra som deltek, vil Møre og Romsdal fremje Ålesund sitt kandidatur med snart 100.000 innbyggarar i regionen

E. Det skal ikkje brukast tid på intern flytting av statlege arbeidsplassar i fylket. Allereie etablerte statlege verksemder veks som hovudregel best der dei i dag er lokaliserte

Det er bra at Møre og Romsdal «vann kampen» om det nasjonale ferjekontoret. Uansett om det ikkje er så mange arbeidsplassar enda, er det eit viktig miljø og berre rett og rimeleg at det størst ferjefylket får det. Men Møre og Romsdal kunne fått bestemt lokalisering – på kort og lengre sikt, og brukt høvet til å støtte opp under den langsiktige utviklinga av Campus Kristiansund t.d. Jfr også køyrereglane. At Romsdals Budstikke vel å angripe eit slikt synspunkt på leiarplass viser i alle fall at det ikkje er utjamning i fylket som står høgast på dagsorden.


LEDER, TIRSDAG 24. SEPTEMBER

Underlig melding fra Senterpartiet

 

Senterpartiet er sterkt kritisk til at berre «faglege utgreiingar» skal bestemme lokalisering og organisering. Det er nettopp desse såkalla «kunnskapsbaserte, faglege innstillingane» som gjer at Møre og Romsdal har tapt og Nordmøre har tapt. Fordi politikken har abdisert og avgjerder vert tekne bit for bit av direktorat og føretak, og at det nasjonalt ikkje er vilje til ein heilskapleg politikk for regional utjamning.

Kristin Sørheim, Gruppeleiar SP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal