Klarsignal for ambulansebase, storsprekk for omsorgsbustader

Nesset får ambulansestasjon ved det nye helsehuset på Øra. Men tilbod om bygging av nye omsorgsbustader på Holtan overskrid ramma.

HELSEHUS og AMBULANSE: Tomta for nytt helsehus ved kommunehuset på Øra er no klarert, og det er klart at det også vert ambulansestasjon her, opplyser prosjektleiarar Anita Meisingset (t.v.) Her saman med prosjektleiar Anne Lise Larsen tidlegare.  Foto: ANITA VINGEN

Nyheter

NESSET: Dette var mellom punkta i prosjektleiar Anita Meisingset si orientering til kommunestyret i Nesset sist veke. Ho tok for seg investeringsprosjekta det vert arbeidd med, mellom anna det planlagde nye helsehuset, og planane om nye omsorgsbustader.