Fekk pris for aksjon for breiare veg

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal har tildelt Trafikktryggingsprisen 2019 til Gulstripeaksjonen ved Solvår Skogen Sæterbø.

NÅDDE FRAM: Samferdselsminister Jon Georg Dale og Helge Orten sammen med Helga Hjorthol Grønset i Gulstripe-aksjsonen.  Foto: Richard Nergaard

Nyheter

Gulstripeaksjonen har sidan 2017 kjempa for breiare veg med gul midtstripe på strekninga Betna-Stormyra på E39 i Halsa. Ein har fått utbedra enkelte strekningar, men totalprosjektet langs Vinjefjorden har stadig vorte utsett.


Gulstripe-aksjonen lyktes

Omkranset av damer fra Gulstripe-aksjonen, kom samferdselsminister Jon Georg Dale med gladmeldingen; Nå kommer penger til utbedring av E39 Betna - Stormyra.


– For å sette søkelyset på utryggheita, og på den 26 km lange strekka med europaveg som var for smal til å ha gulstripe, vart det strikka gulstripe av denne engasjerte aksjonsgruppa. Dette er ein veg med aukande trafikk og altfor smal for tungbiltrafikk, og har gjort det svært trafikkfarleg å ferdast for mjuke trafikantar. Etter fleire vegplanperiodar med berre delvis finansiering, blei prosjektet fullfinansiert i Nasjonal Transportplan (NTP) for inneverande periode (2018-23), skriv FTU i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

I samband med statsbudsjettet i 2019 vart det gitt ei oppstartsløyving til å utbetre sambandet.

– Gulstripeaksjonen har på ein veldig god måte gjort synleg behovet for prosjektet med ei folkeleg og nøktern tilnærming til utfordringa som er trafikktrygg framkome , seier FTU-leiar Iver Nordseth (V) i pressemeldinga.