Med robåt på langs av nye Molde

Vi sjøsette den 70 år gamle oselvaren på Aursjøen, lengst aust i Nesset kommune. Etter åtte dagar ved årane, og nokre etappar med bil og båttilhengar, runda vi vestodden på Dryna i Midsund kommune. Vi har rodd nye Molde kommune på langs.

Nesten forlis: Her måtte vi berge båten på land. Vinden og bølgene gjorde det farleg å ro bort til Aursjødemninga.  Foto: Iver Gjelstenli

Nyheter

Frå og med 1. januar 2020 skal kommunane Nesset, Midsund og Molde slå seg saman. Nye Molde kommune blir fole lang. Dersom du lettar med eit sjøfly på Aursjøen og landar ved Dryna, har du tilbakelagt 110 kilometer. Men «logistikksjefen» (Bjørn Magne Øverås) og «høvedsmannen» (eg) skal ikkje flyge luftlinja. Vi har begge to god tid, og dessutan har høvedsmannen nyleg blitt eigar av verdens vakraste trebåt, ein 16 fots oselvar, som har fått namnet «Anna Pauline».