Familien Nygård satsar stort i Nygårdsvika i Midsund l Vektlegg berekraft, gjenbruk og reparasjon l Har henta storkran frå Aker Brygge

Gir nytt liv til fiskebåtar med fartstid

Familien Nygård har bygd opp eigen fiskeflåte ved å modernisere eldre fiskebåtar. Det meste vert gjort i Nygårdsvika, der eit uvanleg verkstadområde er i utvikling.

FAMILIEPROSJEKT: Skipper og reiar Arnt Inge og Marie T. Nygård her med fire av sine håpefulle: Ingrid Malene, Kjartan, Markus og Ruben. Sønene er ivrige fiskarar.  Foto: ANITA VINGEN

Nyheter

MIDSUND: Nygårdsvika på Midøya er kaiområde for båtane Nygård-familien eig og fiskar med. Ein ny verkstadhall er på gang, og i sommar fekk området eit nytt landemerke, da ein svær kran kom på plass.