Nei til ekstra SFO-støtte i Tresfjord

Vestnes kommunestyre gjer grønt lys for oppretting av SFO frå hausten, men dei gir ikkje ekstra midlar. Pengane må takas frå eige budsjett. Med 12 mot ti stemmer sa Vestnes kommunestyre nei til ekstra økonomisk støtte til å opprette SFO-ordning ved Tresfjord skule frå hausten.

NEI TIL STØTTE: Eit knapt fleirtal i Vestnes kommunestyre sa nei til støtte til oppretting av SFO-ordning i Tresfjord.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Søknaden kom frå foreldre til dei fem barna som skal begynne i 1.-klasse på skulen til hausten.

Administrasjonsssjefen hadde innstilt på avslag av økonomiske grunnar. I saksframstillinga er det oppgitt at eit slikt tilbod ville koste kommunen 130.000 kroner, av dette 55.000 i 2019. Barnetalet er samstundes lågare enn det som står i vedtektene om oppretting av SFO-tilbod.

Under møtet kom det forslag frå Senterpartiet ved Guttorm Kjelsvik og Bjørn Inge Olsen om å opprette SFO-tilbod i Tresfjord slik det er søkt om.

Fleirtalet vedtok til slutt at dersom Tresfjord skal opprette SFO-ordning til hausten, må dette dekkast av budsjettet til Tresfjord oppvekstsenter.