Her kan folk sole seg og ta ein dukkert i Flatevågen

Lagar nytt turmål i Vestnes

Kråkvika friluftsområde ved Flatevågen blir no enda meir attraktiv. Denne veka blir eit tre dekar stort areal laga til med grasplen og tilrette-lagt for soling, bading og andre aktivitetar.
Nyheter

Måndag var dugnadsgjengen på 15 frå Kråkvikas Venner i full sving med å rulle ut grasplen. Dei reknar med å bruke to dagar på jobben, fortel Finn Arne Roaldsnes, leiar i Kråkvikas Venner.