Helse Møre og Romsdal om samanslåing av fødeavdelingar

Beklagar feil opplysningar i fødesaka

Helse Møre og Romsdal har gjennomgått faktagrunnlaget i fødesaka - no beklager dei at informasjonen om talet på stengingsperiodar ikkje blei riktig.

Fra styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Helse Møre og Romsdal informerer no om at foretaket har gjennomgått faktagrunnlaget i saka om samanslåing av fødeavdelingane ved sjukehusa i Molde og Kritiansund, og at ny behandling av saka vert utsett til første halvdel av 2020.

Beklagar feil

Saka om samanslåing av fødeavdelingane kom først opp i styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars.

Faktagrunnlaget som låg til grunn for styret sitt vedtak 27. mars om å samle fødeavdelingane i Kristiansund og Molde står i hovudsak ved lag, men ein korrigerer talet på stengingsperiodar ved fødeavdelingane, oppsummerer foretaket.

I styresaka blei det opplyst at dette skjer nokre gongar årleg, men ein gjennomgang i etterkant av styremøtet viser at det har vore uplanlagde stengingar om lag ein gong pr. år.

- I begge avdelingane har det vore fleire situasjonar som har utfordra drifta, men som har blitt løyst ved at tilsette har strekt seg langt for å unngå stenging. Vi er lei for at informasjonen om tal stengingar ikkje blei riktig, seier Nils Kvernmo, konstituert adm. dir.

Gjennomgang av saksgrunnlaget

Det er også retta kritikk mot andre delar av saksgrunnlaget, og den munnlege informasjonen som blei lagt fram før og under styremøtet 27.mars. Styret ba i maimøtet om ei sak som greier ut for påstandane om feil i faktagrunnlaget, og hovudtema som er gjennomgått er:

- Kvalitet og uønskt variasjon

- Keisarsnittfrekvens 2018

- Uplanlagde stegningsperiodar

- Bemanning og rekruttering

- Beredskap- og følgjeteneste

- Avhengigheiter mellom fagområda

- Reiseveg

- Tidspunkt for samanslåing

- Det var ingen enkeltfaktor som var grunnlag for anbefalinga om å samle fødeavdelingane, men ei samla vurdering basert på medisinskfaglege forhold og driftsmessige utfordringar. Gjennomgangen av faktagrunnlaget viser at innhaldet i hovudsak ligg fast, med unntak for korrigeringa av tal stengingsperiodar, seier Kvernmo.

Tøff tid for fagmiljøa

Sjølv om intensjonane frå føretak og klinikkleiing har vore å legge fram det samla utfordringsbildet, er tilbakemeldingane frå begge fagmiljøa at dei opplever å ha blitt snakka ned anten i saksgrunnlaget eller i debatten som har oppstått i etterkant av styrevedtaket.

- Vi synast det er beklageleg. I saker som inneber eit val mellom to alternativ så kan informasjon som skal forklare kvifor ein gjer eit val skape større avstandar mellom partane, seier Kvernmo.