Språkspalten

Ikkje alle namn er like heldige - korleis finne dei beste vegnamna

«Vegskilta presenterer lokalitetar for dei som kjem til ein stad, og er på sin måte med å gi lokalitetane ein identitet.»

Har dette namnet fått ei språkform som passar godt inn i vårt distrikt i vår tid?  Foto: Privat

Nyheter

Rundt om i landet har vi millionar av stadnamn. Stadnamna har stor verdi fordi dei ofte fortel om historia vår. Mange av dei har vore der gjennom tallause generasjonar. Slike namn må ofte ha blitt til på den måten at folk har begynt å ta dei i bruk fordi det har falle naturleg å bruke nettopp dei namna. Noko annleis er det når vi set offisielle namn på stader som vegar, byggjefelt og den slags. Då vedtek kommunen at vegen skal ha akkurat eit bestemt namn. Men også i slike tilfelle ønskjer vi at namnet skal høve godt til staden, beskrive staden, eller gjerne fortelje noko om historia. Og i omgrepet stadnamn ligg det at det er noko lokalt. Det bør derfor ha ei språkform som samsvarar med det lokale talemålet.