Generasjonsmøte i motorklubben

Kva kan ein eitt år gammal motorklubb og eit 59 år gammalt bygdekvinnelag ha til felles? – Vi er begge interessert i å skape møteplassar og bli kjent med nye folk, forklarte Eva Husøy i Gossen Bygdekvinnelag då dei besøkte Gossen Motorklubb tirsdag kveld.

På mekke-kurs: Rigmor Hjertvik spurte, og Lars Terøy svarte så godt han kunne om korleis ein mekkar på ein tilårskomen Toyota.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Då Gossen bygdekvinnelag inviterte seg sjølve til omsyning i Gossen motorklubb sine omfangsrike lokaler i Løvika, var det ikkje nei i motorklubben sin munn. Eit tosifra tal bygdekvinner møtte dame-sterkt opp då motorklubben opna dørene for at dei skulle få sjå kva den årsgamle klubben hadde fått til i lokala i det tidlegare sikkerheitssenteret i Løvika.