Millionstøtte til postvegen

Riksantikvaren gir Fylkeskommunen inntil ein mill kroner for å gjenopplive postvegen som går gjennom heile fylket.

Prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen og fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen ser fram til at postvegen skal bli ei samanhengande ferdselsåre gjennom heile fylket, med turstiar og opplevingar.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Den Trondhjemske postveg går frå Bergen til Trondheim, gjennom kommunane Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal.

 – Postvegen har eit stort potensiale til å bli ei samanhengande historisk ferdselsåre gjennom Møre og Romsdal. Det kan vi for eksempel få til ved å kople delar av den opprinnelege strekninga med nye turløyper, eller ved hjelp av kollektivtransport, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.   

– Langs postvegen finst fortsatt mange eldre bruer, terrenginngrep eller murer, som er bevarte og godt ivaretatt. På delar av strekninga har frivillige lag og foreiningar lagt turstiar på og langs postvegen. Andre stadar ligg den godt gøymt under gras og torv, eller asfalt og riksveg.

Riksantikvaren har gitt støtte til 15 verdiskapingsprosjekt for kulturminne i heile landet. Blant prosjekta som får støtte er Storgatas ansikter i Molde.

Tilskota går til lokale og regionale prosjekt, innan reiseliv, ny bruk av bygningar, kultur- og mattradisjonar, folkehelse og friluftsliv.

Målet er å bygge opp ei ferdselsåre av turløyper og andre opplevingar i lag med kommunane langs postvegen. Tilskotet går til prosjektet «Ein bit av historia» som skal legge til rette for verdiskaping i ulike former langs postvegen. Prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen er svært glad for tildelinga.

– I 2019 skal vi mellom anna jobbe med kartlegge og registrere tilstanden langs den historiske ferdselsåra, og utvikle ny logo og skilting. Vi skal starte ei følgjeevaluering, og vi skal teste korleis vi kan marknadsføre postvegen under konseptet «Budbringeren». Og no, med ekstra midlar frå Riksantikvaren, kan vi få til mange spennande verdiskapingsprosjekt saman med postveg-kommunane, seier Kanck Lorentzen i pressemeldinga.

Fylkeskommunen har satt av 6 millionar til prosjektet, som i første omgang går frå 2018 – 2020.

Fakta om postvegen

Det var behovet for direkte postgang mellom Bergen og Trondheim som var årsaken til at postvegen voks fram. Vegen var viktig både for embetsverket, militære, kyrkja og fogderia i distriktet. Ved kongelig resolusjon vart det i 1785 vedtatt å opprette postforbindelse kvar veke mellom dei to byane. Anleggsarbeidet varte fram til 1804, og traseen gjekk eit stykke frå kysten over land og fjord. Stamvegane for biltrafikk følger til dels same trasé. Ruta vart lagt ned på slutten av 1860-talet då båtruter og skipparar tok over bonden sitt ansvar for å bringe post.