LESERINNLEGG

Heia Nordmøre!

«Av og til har eg undra meg over strategiske krumspring frå nordmørspolitikarar, denne gongen er det fullt forståeleg at dei protesterer»

Aure rehabiliteringssenter  Foto: Privat

Nyheter

Av og til har eg undra meg over strategiske krumspring frå nordmørspolitikarar, både i sjukehuspolitikken og i fylkespolitikken. Men denne gongen er det fullt forståeleg at dei protesterer, og seier nei til vidare samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Gjennom nedleggingar i føde- og rehabiliteringstilbodet har Nordmøre endå ein gong blitt taparar i ein sjukehuspolitikk ute av kurs.

Difor bør heile fylket støtte Nordmøre. Dei har vald ein krevjande strategi. Det er ikkje enkelt å melde seg ut av spesialisthelsetenesta. Men i denne saka har vi tydeleg fått illustrert at Helse Møre og Romsdal satsar på overkøyring, ikkje på samarbeid.

Sjølvsagt ønskjer verken direktøren eller styret i Helse Møre og Romsdal eit dårlegare helsetilbod i fylket. Dei er sjølve fanga både i ei systemfelle og ei økonomisk felle, underlagt både Helse Midt-Norge og helseministeren. Deira alternativ er å trekkje seg..

At helsetilbodet blir svekt er alvorleg. Men det er også alvorleg at sjukehusstyra, både i Møre og Romsdal og i Midt-Norge i praksis grip inn i fylkespolitikken. Helseføretaka og deira strategiar og vedtak svekker Møre og Romsdal, og har kraft i seg til å sprenge fylket. Nettopp det er det nok fleire som kan ha interesser av enten dei er sør, eller kanskje særleg nord for fylket. For ikkje å seie i regjeringskontora.

Det er positivt at Fylkesutvalet vedtok ein samrøystes kritikk av helseføretaket. Dei omtalar innsparingane og forslaga som ei rasering av helsetilbodet i fylket. Dette er skarpt og prisverdig. Men det kjem i seinaste laget.

Dei politiske partia i Møre og Romsdal har i denne saka dessverre lagt mest vekt på eigenmarkeringar og  fragmenterte utspel. Utan ei samlande kraft frå dei politiske partia i fylket, er eg redd at Møre og Romsdal blir ein lettvektar i sjukehuspolitikken. Og dermed får nedleggings- og sentraliseringspolitikken gå sin gang.

Gjennom føretaksmodellen har Stortinget laga ei ordning der dei politisk ansvarlege kan trekkje seg tilbake og seie: Det er styra si oppgåve å styre. Dei har med andre ord gitt frå seg makta, og gitt «ansiktslause byråkratar» ( Bent Høie sitt favorittord før han vart statsråd) fullmakt til å skalte og valte med velferdstilbodet og framtida for lokalsamfunna. Liknande gjeld også på andre sektorar.

Det må vere mogeleg  å mobilisere til tverrpolitisk innsats for i det minste å ta tilbake noko av den politiske makta.

Vedtaket i fylkesutvalet var ein bra start. Men det må følgjast opp.

Anders Folkestad, Stranda

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook