Utbrudd av alvorlig lungebetennelse ved Vard Langsten i Vestnes

16 innlagt på sjukehus - no vert det gjort klart for massevaksinering av verftsarbeidarar

Fleire pasientar har blitt behandla på sjukehusa i Møre og Romsdal som følgje av pneumokokk-utbrotet.

Dei fleste av dei smitta er utenlandske gjestearbeidarar frå Vard Langsten i Vestnes kommune. 

Nyheter

Frå februar og til i dag har 16 pasientar blitt innlagt på sjukehusa i Molde og Ålesund med alvorleg lungebetennelse. Dei fleste av desse er utenlandske gjestearbeidarar frå verftet Vard Langsten i Vestnes kommune, opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.


Bakterieutbrudd ved Vard Langsten: 15 smittet

15 ansatte ved Vard Langsten i Tomrefjord har blitt innlagt med pneumokokker. Vestnes kommune innfører strakstiltak.


Berre i løpet av den siste veka har det blitt lagt inn sju pasientar i Ålesund og Molde, alle med påvist eller mistanke om alvorleg lungebetennelse forårsaka av pneumokokker.


Tillitsvalgt:– Rolig stemning her

Jørn Inge Hestnes, tillitsvalgt ved Vard Langsten, sier pneumokokk-utbruddet ikke merkes spesielt på verftet.


- Dette styrkar mistanken om at dette er eit pågåande utbrot, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Startar med vaksinering torsdag

Kommuneoverlege i Vestnes, Jan Håkon Fjeldheim, opplyser at helsetenesta har hatt informasjonsmøte med arbeidarane både på formiddag og ettermiddag i dag, onsdag.

- Vi har gitt råd om vegen vidare og generell praktisk informasjon om vaksinering, seier kommuneoverlege Fjeldheim til Romsdals Budstikke onsdag ettermiddag.

Han opplyser at vaksineringa begynner torsdag.

- Vi får dei første vaksinane då, men har bestilt så mykje det er behov for, opp mot to tusen, seier Fjeldheim.

Kommuneoverlegen poengterer at befolkninga generelt ikkje treng vere bekymra.

- Folk bør berre følgje vanlege råd og gå til lege om dei skulle kjenne seg dårleg. Felles for alle dei som har blitt smitta, er at dei  har jobba tett saman inne på båt over tid, seier Fjeldheim.

Låg terskel for antibiotikabehandling

Før helga hadde Fjeldheim, Longva, Folkehelseinstituttet og Arbeidstilsynet møte for å diskutere tiltak.

- Vi har varsla alle legevaktene i området, dei prehospitale tenestene samt akuttmottaka på sjukehusa i Molde og Ålesund. Anbefalinga vår er at det skal vere låg terskel for å starte antibiotikabehandling eventuelt innleggelse i sjukehus ved kontakt med legekontor eller legevaktar, seier Longva. Folkehelseinstituttet bistår kommunehelsetenesta i Vestnes med smittevern- og vaksineråd, og arbeiderane på verftet skal få tilbod om vaksine.

- Folk med symptom bør kontakte lege

- Folk som har jobba på verftet eller vore innom der, som har blitt dårlige med feber, redusert allmentilstand eller har symptom på lungebetennelse, bør ta kontakt med fastlege eller legevakt, seier Longva.

Underleverandørar eller tilsette i Vard som har spørsmål om vaksinering, kan ta kontakt med Vard på telefon 70 21 06 00.

Ifølge Folkehelseinstituttet er det ikkje grunn til å anta at lokalbefolkningen og andre som ikkje eksponerast gjennom arbeidet, er utsett for auka smittepress.