Stor trafikk med farleg gods på ferjene til Nordøyane under tunneldriving

Tonnevis med sprengstoff

Statens vegvesen har ingen planar om å setje inn ekstra ferjer til Nordøyane når dei fraktar sprengstoff.

Farleg gods:Tankbilar tek med seg opp mot 30 tonn brannfarleg gods som er ingrediensar i sprengstoff. I tillegg blir det mange lass med reint sprengstoff i dei næraste åra. Med farleg gods kan ferja berre ta med seg 12 passasjerar, men dette blir varsla på SMS på førehand.   Foto: STAALE WATTØ

Nyheter

(Sunnmørsposten:) Trafikken av store køyretøy på ferjene er aukande, og fleire gongar den siste tida har ferjene hatt redusert kapasitet fordi ein har hatt med seg farleg gods.