Nesset formannskap: Ja til nytt kommunevåpen for nye Molde kommune

Formannskapet i Nesset vil ha «Storslått og energisk» som kommunevåpen for nye Molde.

FELLES KOMMUNEVÅPEN: Nessetordførar Rolf Jonas Hurlen med alternativet «Storslått og energisk».  Foto: KJELL LANGMYREN

Nyheter

NESSET: Politikarane gjorde vedtak i tråd med tilråding frå rådmann og frå fellesnemnda, og stiller seg bak alternativet «Storslått og energisk» som kommunevåpen for nye Molde kommune. Vedtaket i formannskapet var samrøystes, og saka går no vidare til kommunestyret, opplyser nessetordførar Rolf Jonas Hurlen.