Fylkesmannen med tilsyn av barnevernsaktøren Aleris Møre og Romsdal

Avdekka lovbrot og manglar hos Aleris

Fylkesmannens tilsyn avdekka sprik mellom plan og praksis i Aleris sine lokale barnevernsinstitusjonar, og manglar i dokumentasjon av arbeid med barna.

TILSYN: Seniorrådgivar Heidrunn Avdem hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal leia tilsynet av den private barnevernsaktøren Aleris Møre og Romsdal. Tilsynet var del av eit landsomfattande tilsyn, sett i gang av Statens helsetilsyn. Bildet er tatt tidlegare.   Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

MOLDE: Tilsynet avdekte brot på barnevernslova og på forskrift om kvalitet og internkontroll i Aleris Møre og Romsdal sine barnevernsinstitusjonar, lokalisert i Fræna, Eide og Molde.