Nordøyvegen kan opnast i 2022

Skanska har varsla at dei kan forsere hovudkontrakten på Nordøyvegen med inntil eitt år.

Are Eliassen fra Skanska på synfaring på Nordøyane i februar.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

(Smp:) Det betyr at det kan bli opning av Nordøyvegen i 2022 i staden for 2023, trass forseinkinga på tre-fire månader i haust, melder Våre Veger. Våre Vegar har fått opplysningane frå samferdselssjefen i Møre og Romsdal, Arild Fuglseth og prosjektkoordinator for Nordøyvegen, Morten Mortensen. Dei regnar med å kunne signere med Skanska før jul.