Innrømmer feil i Nordøyveg-utgreiing, må lage ny analyse

Fylket melder at det blir utarbeidd ny kontantstraumsanalyse for prosjektet Nordøyvegen. Truleg vil dette slå positivt ut for prosjektet.

VIL GJØRE NYE ANALYSER: Samferdselssjef Arild Fuglseth under fylkesutvalgsmøtet forrige uke, der Nordøyvegen var tema.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

(smp.no) Leiaren i plannemnd for samferdselsutbygging, Frank Sve, og leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, vart orientert måndag føremiddag før pressemeldinga gjekk ut.

Spørsmålet dreier seg om kostnader knytt til lån, det vil seie renter og avdrag, og om det er tatt omsyn til inflasjonsutviklinga over alle 40 åra for lånet.


Må kutte skoler dersom av Nordøyvegen bygges

Fylkeskommunen kan ikke opprettholde alle dagens skoler som i dag, dersom Nordøyvegen bygges.

 

– Tilbakemeldinga frå Atkins og Oslo Economics er no at denne inflasjonsproblemstillinga har liten betydning på kort sikt, dvs. 10-12 år, men har større effekt i eit langsiktig perspektiv, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth på mrfylke.no.

Dermed er det venta at økonomien i Nordøyvegen uansett vil få ein ein stor «pukkeleffekt» dei første åra.

«Finansieringsmodeller med så lang analyseperiode og mye usikkerhet som her er krevende uansett modell-tilnærming. I utgangspunktet mente vi en reell modell var enklere å forstå. En reell modell må derimot korrigeres for redusert ‘belastning’ av lånekostnadene (slik kritikken har vært). Det er nominell lånerente minus inflasjon som bør benyttes. Dette har dessverre vært en feil i anbefalt tilnærming.» skriv Atkins/Oslo Economics, ifølgje Fuglseth.


Åtte sa ja, fem sa nei til Nordøyvegen

Fylkesutvalget går inn for Nordøyvegen med åtte mot fem stemmer. Saken skal opp i fylkestinget i desember for endelig avgjørelse.

 

Vil legge fram ny analyse onsdag

– Fylkesrådmannen tek denne tilbakemeldinga til følgje i sitt vidare arbeid med saka, og er no i ferd med å utarbeide ein justert kontantstraummodell i samsvar med Atkins / Oslo Economics si tilråding. Effektane av den justerte modellen er planlagt framlagt for samferdselsutvalet onsdag 5. desember. Fylkesutvalet og fylkestinget sine medlemmar vil mellom anna få dei justerte kontantstraumane ettersendt, opplyser Fuglseth.

– Det er bra, og vi ventar i stor spenning på kva som kjem no, seier leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, til Sunnmørsposten i ein kommentar.

Frank Sve har meir på hjartet:

– Tidlegare har vi blitt møtt med ei relativt arrogant haldning om at fylkesadministrasjonen har rett. Men vi ser at folk ved NTNU meiner at fylkesadministrasjonen har tatt feil. Tidlegare har Deloitte sagt det same. Dette gjer noko med den totale tiltrua til fylkesadministrasjonen. Eg er glad for at vi i fleirtalet i fylkesutvalet har lagt ned eit botnsolid arbeid der vi har fått hjelp frå mange fagmiljø – men det er bekymringsfullt at vi er nøydde til å gjere det, seier Sve til Sunnmørsposten.


Fylkestinget i Møre og Romsdal sier ja eller nei til Nordøyvegen:

Dødt løp om Nordøyvegen – 6 usikre avgjør

Aps stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal fikk barnehageplass i Ørsta fra desember. Da passet det å ta ut foreldrepermisjonen for den yngste av barna. Lite visste han at det kan komme til å avgjøre skjebnen til Nordøyvegen.

 

Veit ikkje om utslaget er betydeleg

Sve forventar at den nye analysen vil slå positivt ut for Nordøyvegen. Men ifølgje Sve har han ikkje fått orientering om kor stor sum det kan vere snakk om. Han veit dermed ikkje om endringa blir 'betydeleg'.

Til Romsdals Budstikke seier Sve at han er styrka i trua på at framlegget og grunnlaget som vart tilrådd frå fylkesutvalget ang Nordøyvegen, etter framlegg frå han, Kristin Sørheim, Charles Tøsse, Knut Støbakk og Iver Nordset, er rett vedtak, og at framlegget er kraftig styrka.

– Styrka er vårt framlegg, også etter møtet sist fredag som fylkesordførar hadde med Statsråden ang bompengar, der dette også er i tråd med grunnlaget i vårt forslag på omlag 680-700 mill kr i bompenga som grunnlag. Det er fortsatt utan tvil billigare og rett å bygge Nordøyvegen, der fortsatt ferjedrift er det mest kostbare alternativet, seier Sve..

Han legg til:

– Vi kjem til å fremje eit alternativt budsjett for 2019 med økonomiplan, og har slett ikkje tenkt å gjennomføre kutta i skule slik fylkesrådmannen har synliggjort, ei heller kutt i planlagt nybygg og renovering av skulebygg og noko form for endra skulestruktur, men heller kutte kraftig i byråkratiet i sentraladministrasjon og kutt i prosjekt osv.

Nyleg gjorde Edvard Devold og fleire ved NTNU ei utrekning som viser at dette gir utslag i milliard-klassen: «Dersom vi deflaterer fergeavløsningsmidlene til 2018-kroner, må det samme gjøres med renter og avdrag som betales i årene etter 2018.» heiter det. Dei meiner nettoutgiftene til Nordøyvegen i realiteten blir så mykje som 1,6 milliardar kroner mindre enn det fylkesadministrasjonen sine utrekningar har vist.

Det er altså ikkje kjend om den nye analysen frå fylkesadministrasjonen vil gje eit tilsvarande stort utslag.


Tror Sp vil stå samlet om et ja til Nordøyvegen

– Men vi ofrer ikke de videregående skolene, sier Sp-leder Kristin Sørheim.

 

Denne saka ble først publisert i Sunnmørsposten.