MIDSUND: – Endeleg! Dette har vi venta på og sett fram til. No er det snart ein realitet, seier Malene Stormyr, spesialsjukepleiar i palliasjon.

Riv vegger

I bygget med omsorgsbustader like ved Midsund sjukeheim, er Blø Bygg godt i gang med å gjere det tidlegare fellesarealet om til ei leilegheit med palliativ tilbod, altså lindrande tiltak.

Lindrar smerte

– Her kan dei som treng det, få opphald for symptomlindrande behandling. Det kan vere aktuelt både ved livets slutt, og i periodar pasientar har store smerter i samband med behandling, forklarer Stormyr og kommuneoverlege Thomas Rakvåg. Dei har stått i bresjen for prosjektet, som kommunestyret har prioritert på årets budsjett. Ramma er på vel ein million kroner.

Behov og fleksibilitet

– Dette er for heimebuande Vi veit at mange har behov, men kvir seg for å komme på sjukeheimen. Med dette tilbodet vil dei kunne ha si eiga leilegheit, med eigen inngang og overnattingsplass for pårørande. Det er heilt delt av frå sjukeheimen, men samtidig svært nær sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og fysioterapi. Vi trur det vil dekke eit behov, seier Stormyr.

– Kor stort er behovet?

– Erfaring frå Eide kommune viser at deira tilsvarande rom er i bruk heile tida, seier Rakvåg.

– Midsund er ein liten kommune, så eininga her vil også kunne brukast som avlasting og rehabilitering i ledige periodar, seier Stormyr.

Tverrfagleg

Ho poengterer at tverrfagleg kompetanse vil vere tilgjengeleg for brukarane, med både helsepersonell, og etter kvart prest for den som ønskjer det.

– Vi er no også i gang med kompetanseløft for helsefagarbeidarar på sjukeheimen, som no i september skal lære meir om palliasjon.

– Kvifor er palliasjon så viktig?

– Mange alvorleg sjuke vil vere heime, men finn det utrygt og hamnar på sjukehuset. No får vi ein stad i kjent og heimleg miljø, det blir triveleg innreidd og med overnattingsplass til pårørande. Det blir skjerma, men samtidig med nær hjelp tilgjengeleg når det er behov.

– Komplett

– Dette vil komplettere helsetilbodet Midsund kommune. Vi får gode tilbakemeldingar på helsetenestene, det er kjekt. Med dette tilbodet skal det bli enda betre å bli gammal i Midsund kommune, seier Rakvåg.