Dei som er anmeldt er Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet, Veidekke AS og Direktoratet for mineralforvaltning.

I anmeldelsen skriv Perly Grande Eikås at ho med dette vil rette søkelyset mot alle dei usikra gruvehola som er funne i utmarka etter den nedlagde gruva på Raudsand.

Kan skje ulykker

Ho understrekar at Mineralloven pålegg eigarane å sikre gruveopningar.

– I dette populære turterrenget ferdast folk og dyr heile året. Både folk og fe kan gå rett ned i desse djupe sjaktene sommar som vinter. Ein bør spesielt ta omsyn til risikoen for at born kan rote seg ned i sjaktene og bli borte for alltid. Kven veit kva som allereie finst der? spør ho.

Perly Grande Eikås synest det verkar som dei ansvarlege på Raudsand ikkje bryr seg om lovpålagt plikt for å sikre ferdsel i utmarka.

– Sikrinng av gruveopningar har blitt neglisjert av eigarane Staten og Veidekke. Dei må no ta sikringsplikta på alvor og sørge for at gruvehola blir sikra umiddelbart. 30–40 års ventetid er nok, understrekar ho.

– Kvar er tilsynet?

Ho meiner at Direktoratet for mineralressursar ikkje har utført lovpålagde tilsyn, og påpeikar at det er dei som skal føre tilsyn med at eigarane sikrar området.

– Dei har ikkje gjort jobben sin etter at gruva på Raudsand vart nedlagt i 1982, skriv hos i anmeldelsen, der ho samstundes krev at politiet no må vere sitt ansvar bevisst i denne saka.

Vi har snakka med kommuneleiinga i Nesset som seier at saka ikkje har vore oppe i politiske organ.

Skummelt: Usikra gruvehol er farleg både for folk og dyr, skriv Perly Grande Eikås. Foto: privat