– Responsen har vore litt laber, og det er venta regn i helga. Derfor vert turen som var planlagt denne helga flytta til 17.–19. august, opplyser Marie Teigland ved Frivilligsentralen i Nesset.

Sentralen har fått midlar frå Bli kjent-fondet i Nye Molde kommune, for å arrangere padletur frå Nesset til Midsund. Inkludert er gratis måltid og hjelp med returtransport av kajakkar.

– Dei mest ihuga – inkludert nessetordførar Rolf Jonas Hurlen – startar i Eidsvåg fredag, fortel koordinator Tale Heggdal. Planen er overnatting på Veøya første natta, og offisiell oppstart av fellesturen frå Sølsnes laurdag formiddag.

– Vi padlar då til Hjertøya, der deltakarane får servert mat om kvelden. Etter overnatting der går turen søndag til Midsund, med stopp undervegs på Kringstadbukta. Dette blir triveleg og sosialt. Interesserte kan melde seg på for ein etappe, eller heile turen, seier Heggdal.