(Smp/Rbnett): – To av våre folk følgde med på situasjonen og var spenna klare til å reise. Då spørsmålet kom frå DSB, var det berre å sende dei. Dei reiste rett før helga, fortel brannsjef Kjell-Arve Lid i Ørskog.

Denne veka skriv Sunnmørsposten at Ålesund brannvesen ikkje kunne hjelpe svenskane med å sløkke dei store skogbrannane. Det kan derimot Ørskog brann og redning.

Dei bruker no av ferien sin for å hjelpe til, fortel Lid. Stian Gausdal Nordal og Be Klein Hulse er i området rundt Sveg i Jämtland. Dei er på eit lag med 46 menn og kvinner, dei fleste frå Trøndelag. Dei jobbar med å lage branngater og vatne terrenget for å unngå at brannane spreier seg. I tillegg blussar det jamleg opp småbrannar som må sløkkast, opplyser Lid.

Lange økter i månelandskap

– Det er som eit månelandskap. Kilometer på kilometer er nedbrent, og trea er så svidd at røtene er utbrent og trea veltar, seier ein av dei andre brannfolka til avisa Innherred.

Sidan helga har dei jobba økter på mellom seks og ni timar før dei har kvilt i to-tre timar. Så har det venta ei ny økt, skriv avisa. Dei bur på eit nedlagt pensjonat og får matservering frå folk som bur i området.

– Dei blir møtt med så mykje takk frå svenskane. Fint å sjå at grenser ikkje betyr noko når det verkeleg gjeld. Vi er stolte av dokke, skriv Ørskog kommune på ei intern gruppe.

– Dette er også veldig lærerikt. Eg var ikkje i tvil då spørsmålet kom frå DSB, seier Lid til Sunnmørsposten. Han veit ikkje sikkert når dei kjem heim att.

Også Vestnes brannvesen har gjeve Sverige tilbod om mannskap, opplyser brannsjef Frank Skorgenes.

Ifølge SOS Alarm var det onsdag morgon 23 tilfelle av brann i terreng i Sverige, skriv NTB. Norge stiller med sju brannhelikopter i tillegg til gruppa med vel 40 mannskap, opplyser DSB.

Vestnes kan stille

Frank Skorgenes som er brannsjef i Vestnes forteller at flere i ferie har gitt tilbakemelding på at de kan stille.

- Det er flere som er villige til å reise, men slik jeg forsto den siste meldinga fra DSB (direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) var det ikke noe umiddelbart behov for flere personer nå, sier Skorgenes

Skorgenes sier de avventer nye meldinger fra Sverige.

- De som har meldt seg villige til å reise blir hjemme i påvente av nye henvendelser. Det er veldig tørt i området her også, så vi tar selvsagt hensyn til lokal beredskap også, sier Skorgenes.

En versjon av denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.