Ferjekaos etter thrustersvikt

Tekniske problem på C-ferja mellom Molde og Vestnes har ført til kø og kaos.
Nyheter

- Vi har no fått til land ferja som hadde problem, og skal prøve å ta unna trafiikken som best vi kan. I løpet av dei neste par timane håper vi å få unna køane, seier operativ leiar Torbjørn Vik i Fjord1 til Rbnett ved 17.30-tida torsdag ettermiddag.

Fjord1 meldte  klokka 15.35 at C-ruta er innstilt på grunn av tekniske problem. Ferja Moldefjord fekk da ikkje lagt til kai på Vestnes.

- Problema galdt i første omgang 1445-avgangen frå Molde, med full ferje. Da ferja ikkje fekk lagt til land på Vestnes, måtte den gjere vendereis, og la til kai i Molde igjen ca klokka 17. Vi prøvde da så langt det var råd å la bilane derfrå få prioritet på neste avgang, seier Vik.

Han poengterer at problemet skjedde på eit vanskeleg tidspunkt, med mykje trafikk. Dermed oppsto det lange køar, i Molde både

på ferjekaia og med kø langt opp mot Roseby.

Også frå Vestnes vert det meldt om fleire hundre meter kø og mange gjenståande køyretøy.

- Kan ein køyre ekstraavgangar for å få unna køen?

- Vi har no A-, B- og D-ferjene i drift, medan C-ruta er ute av drift. Vi må prøve å halde dei oppsette rutene, dette har mellom anna med bussrutene å gjere, seier Vik.

Kaptein Sunde om bord på Moldefjord sa dette til Rbnett like etter at problema oppsto:

- Vi har ein thruster ute av drift. Problemet oppstod då vi skulle legge til kai på Vestnes, sa kaptein Arne Sunde på bilferja Moldefjord til Rbnett.

Han opplyste at ferja hadde drift på motorane og den andre thrusteren, men at ferja ikkje kom seg til kai på Vestnes på grunn av nordvestleg vindretning.