Midsund skule hadde denne veka besøk av elevar og lærarar frå Portugal, Polen og Tyrkia gjennom utdanningsprogrammet Erasmus +.

Elevar og lærarar frå Midsund skule har allereie vore "ute" på besøk.

Dei hadde sett opp variert program for å vise gjestane sitt område. Det vart mellom anna fjelltur i Midsund-trappene,  tur til Atlanterhavsvegen og Romsdalsmuseet, og til Klippfiskakademiet i Ålesund.

Veka vart avrunda med maritim dag i Midsund, med mellom anna tur på sjøen, der gjestane både fekk prøve å styre båt - og fiskelykka.

Som bilda viser - det vart napp å få!